Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 24–25

1.3.1

  1. Ord som «ride- eller kløvhest», «kjelke» og «tråsykkel» er klare. Det same gjeld uttrykket «30. april til 14. oktober». Dei tre paragrafane som oppgåva nemner, gir rikeleg med døme på uklare og klare ord og uttrykk.
  2. Omgrepa «innmark» og «utmark» peika seg ut som nokså uklare, men dette er sentrale omgrep i friluftslova, jf. § 1a, og dei må tolkast. Uttrykket «liknende område hvor allmenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker», er også uklart. Når det gjeld det nærmare innhaldet i ferdselsretten, blir det nødvendig å tolke uttrykk som «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet», jf. §§ 2, 3 og 3a.
  3. Vi kan starte med å tolke omgrepet «innmark». Spørsmålet om korleis dette omgrepet er å forstå, er eit rettsspørsmål som skal løysast på vanleg måte ved hjelp av juridisk metode. Vi skal derfor bruke rettskjeldene for å fastleggje innhaldet i omgrepet, og da startar vi med lovteksten som rettskjelde. Reint språkleg gir omgrepet eit inntrykk av eit areal som er innanfor noko. Det er naturleg å tenkje på område som er inngjerda. I utgangspunktet vil derfor inngjerda hage, åker og beite vere kandidatar for å vere innmark. Etter ei språkleg vurdering går vi til sjølve lovteksten. Friluftslova er eit døme på ei lov som gir ganske grundige definisjonar (legaldefinisjonar) av sentrale ord i lovteksten. Paragraf 1a listar opp ei rekkje døme som hjelper oss til å fastleggje innhaldet i omgrepet «innmark»: gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått og kulturbeite. Døma blir avslutta med ein rest: «liknende område hvor allmenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker».

    Lovtekstar kan vere fragmentariske. Vi finn litt informasjon både her og der i lova. I dette tilfellet kan vi gå til § 3a, ein regel som vart lagd til lova i 2011 (i kraft 2012). Denne regelen fortel oss at veg eller sti gjennom innmark også er å rekne som ein del av innmarka. Ferdselsrett på denne delen av innmark kan likevel vere tillaten dersom vegen eller stien fører til utmark.

    Lovteksten fortel ikkje kva som er «liknende område», sjå § 1a(1). Vi må da undersøkje rettspraksis og andre rettskjelder, til dømes forarbeida til lova og reelle omsyn, også vurderingar i samband med formålet. Eit «liknende område» kan vere ei strandsone som ligg nedanfor ei hytte. Spørsmålet om strandsona nedanfor hytta skal reknast som innmark, blir da eit spørsmål om det at publikum ferdast i denne strandsona, er til utilbørleg fortrengsel for eigaren eller brukaren. Ein må da gjere ei konkret vurdering der avstanden frå hytta og ned til stranda blir eit viktig moment. Det finst nokre høgsterettsdommar om slike saker (RT-1998-1164 Furumoadommen og RT-2005-805 Hvalerdommen), der Høgsterett viser korleis interessene til publikum og grunneigaren skal vegast mot kvarandre i strandsona. Strandsona utgjer ein særskilt knapp ressurs der grunneigarane må tole meir enn i andre strekningar. Høgsteretts syn i slike saker kombinert med omsynet til formålet med friluftslova, kan tilseie at det at publikum ferdast i ei bestemt strandsone ikkje er til utilbørleg fortrengsel for eigar eller brukar av fritidseigedommen. Strandsona er derfor ikkje innmark, og da er ho utmark.

    Har du først slått fast kva som er meint med innmark, har du samstundes fastlagt innhaldet av omgrepet utmark sidan dette er udyrka mark som ikkje kan bli rekna som innmark, sjå § 1a(2).

1.3.2

Dei omgrepa som peikar seg ut, er «motorvogn», «annen ferdsel» og «veg eller annet område som har alminnelig trafikk med motorvogn».

Motorvogn
Omgrepet motorvogn er eit koplingsord som set i verk ei rekkje reglar i vegtrafikklova og bilansvarslova. Det blir stilt krav til køyringa, køyretøyet og føraren, og det er sanksjonert med strengare straffer dersom ein bryt reglar som gjeld motorvogn, enn om ein bryt reglar for køyretøy som ikkje er motorvogn. Eit typisk døme er §§ 21 og 22, jf. § 31 (reglane om promillekøyring).

Først leiter ein i lova etter nærmare definisjon. I § 2 andre ledd, andre setning er motorvogn definert som køyretøy som blir drive fram av motor. I første setning er køyretøy (med eller utan motor) definert som innretning som er bestemt til å køyre på bakken utan skjener. Dermed kan fly og tog utelatast. Det kan kanskje diskuterast om eit fly skal reknast som motorkøyretøy når det taksar rundt på flyplassen. Men fly er ei innretning som er bestemt for å fly i lufta, ikkje køyre på bakken sjølv om det er i stand til det.

Det er sagt i juridisk litteratur (Engstrøm mfl. Bilansvaret, 2. utgåve 2005, side 9) at motorvognomgrepet i det vesentlege er det same i vegtrafikklova og bilansvarslova. I bilansvarslova § 3 er det gitt ein grundigare og meir detaljert definisjon av «motorvogn». Paragraf 3 første ledd i bilansvarslova svarer stort sett til vegtrafikklova § 2 andre ledd.

Sidan bilansvarslova skal avklare grensene for ansvaret til bilføraren og dermed kva som er dekt av bilforsikringa, er det behov for å avklare nærmare kva som kan bli rekna som ein del av motorvogna. I bilansvarslova § 3 tredje ledd er det bestemt at tilhengjar og anna vedheng til ei motorvogn er ein del av motorvogna når dei er feste til vogna. Dette inneber at campingvogner og tilhengjarar er ein del av motorvogna. Her er det ein del grensetilfelle å drøfte. Kva med ein bil som blir slept av ein annan bil? I teorien kan den slepte bilen bli sett på som «anna vedheng» dersom vesentlege delar av han er fjerna slik at han ikkje lenger har preg av å vere ei sjølvstendig motorvogn, til dømes dersom motoren er fjerna. Men er den slepte bilen ein fullverdig bil som treng reparasjon, dreier det seg om to motorvogner: ei som sleper, og ei som blir slept.

Ei motorvogn må bli driven fram av motor. Det er ikkje snakk om motorvogn dersom framdrifta er avhengig av muskelkraft. Enkelte tråsyklar med elektrisk motor blir ikkje rekna som motorkøyretøy dersom dei ikkje fungerer utan muskelkraft i tillegg til motoren. Framkomstmiddel som ståhjuling (segway) eller liknande blir da motorkøyretøy.

Annan ferdsel
Annan ferdsel (enn med motorvogn) er ferdsel med innretningar som fyller vilkåra i vegtrafikklova § 2 andre ledd, første setning. Det vil vere syklar og andre innretningar som blir drivne med muskelkraft. Seglbåtar fell utanfor, for dei køyrer ikkje på bakken, truleg heller ikkje seglande farkostar med skøyter som køyrer på islagt vatn.

Veg
Sidan reglane i vegtrafikklova i nokre tilfelle berre gjeld ferdsel på veg, er det viktig å avgjere kva ein forstår med omgrepet veg. Ordet er definert i vegtrafikklova § 2 første ledd, som har ei nokså utvidande tolking av omgrepet veg.

Anna område som har alminneleg trafikk med motorvogn
Eit slikt område kan til dømes vere ein campingplass eller dei delane av eit kaiområde som ikkje er ferjekai eller står i direkte samband med veg.

1.3.3

  1. Det grunnleggjande prinsippet i naturmangfaldslova går fram av § 15. Uttak av viltlevande dyr skal følgje lov eller vedtak med heimel i lov. Musedrap er derfor ulovleg med mindre det finst unntak i lov eller vedtak.

    Det ligg ikkje føre vedtak om lovleg musejakt. Lovleg uttak av mus må derfor følgje lova. Mus kan derfor berre drepast på grunnlag av nødverjeparagrafen § 17(1). Etter denne regelen kan smågnagarar avlivast dersom det er nødvendig for å hindre skade på person eller eigedom. Det er derfor berre når mus tek seg inn i hus og blir til ein helsefare for dei som bur der, eller til fare for skade på huset, at mus lovleg kan drepast. Her gjeld det å tolke formuleringa «nødvendig for å hindre skade på person eller eiendom». Mus som ein treffer ute i skogen og langt frå hus, kan derfor ikkje drepast.
  2. Ulv er nett som mus viltlevande dyr som er verna i medhald av naturmangfaldlova § 15. I tillegg er ulv verna i medhald av Noregs internasjonale forpliktingar om å verne trua dyreartar. Lovleg felling av ulv kan derfor berre skje etter § 17 andre ledd. Etter denne regelen kan ulv avlivast i nødverje når det er nødvendig for å fjerne ein betydeleg og aktuell fare for person (§ 17(2) første setning).

    Uttrykket «anses påkrevd» betyr det same som nødvendig. Dette inneber at dyret må opptre så truande at det er god grunn til å tru at det er like før det går til åtak på eit menneske, samstundes som faren ikkje kan fjernast med skremmeskot eller høge skrik.

    Dersom ulven går til direkte åtak på bufe (til dømes sau eller hund), kan han drepast. Direkte åtak må tolkast i motsetning til eit mogleg kommande åtak. Ein kan derfor ikkje skyte ein ulv som luskar rundt og rekognoserer. Åtaket må vere direkte. Rettspraksis kan kaste lys over korleis ein tolkar «direkte angrep».

    I RT-2004-1854 (Bjørnedrapsdommen) skaut tiltalte ein bjørn som hadde teke seg inn i ein grisebinge med 14 griser. Grisene hylte av redsel. Bjørnen gjekk til grisetrauet og stod i 30 minutt og åt grisemat. Etter at han begynte å gå bort frå staden, vart han skoten av bonden. Lagmannsretten frifann først bonden på grunn av nødverje (fleirtalet i lagmannsretten ville dømme, men det bestemmande mindretalet gjekk for frifinning), men Høgsterett avgjorde at bonden vart dømd for bjørnedrap. Grisene var ikkje under direkte åtak da bjørnen vart drepen.


    Det ligg også føre to hønsehaukdommar som har vore i Høgsterett. Begge enda med frifinning på grunn av nødverje. I begge desse sakene vart hønsehauken skoten mens han sat oppå høna og hakka.

    RT-2014-238 Hønsehaukdom II
    Ein bonde vart frifunnen for haukedrap sjølv om han truleg burde ha skote skremmeskot eller på annan måte skremt vekk hauken som hadde gått til direkte åtak på høna. Sjå naturmangfaldlova §§ 15 og 17.

    RT-1997-1341 Hønsehaukdom I
    Bonden vart frifunnen for å ha drepe ein hønsehauk som gjekk til åtak på ei av hønene hans. Han var tiltalt for brot på den dagjeldande viltlova som etter sin ordlyd berre tillét avliving i nødverje for å redde «bufe». Som bufe rekna ein sau, gris, ku osv., men ikkje høne. Høgsterett brukte lova analogisk på høner. Seinare vart nødverjeregelen i viltlova oppheva og overført til naturmangfaldlova § 17. I denne regelen er høner uttrykkjeleg nemnde. Det er denne dommen som førte til det.

1.3.4

Læraren har løysingsforslag